Fjøreplyttar med oransje flagg.
På Sørkappøya, Svalbard er det sommaren/hausten
2009 flaggmerkt ca.660 fjøreplyttar : På venstre
tars er ein vanleg metallring. På venstre tibia
er ein gul fargering. På høgre tibia er eit
oransje flagg med tre svarte bokstavar. Ser du
ein fjøreplyttflokk, så sjå etter om der er
fuglar med fotmerke. Har fuglen oransje flagg, så
prøv å lese av bokstavkoden der. Les av frå
venstre mot høgre uansett kva veg flagget
vender. Har du tilgang til fotoapparat, er det
svært ønskeleg med foto av flagget med
kodebokstavar. Oppgi observasjonsstad (helst med
koordinatar), kommune og fylke, dato og
klokkeslett. Andre opplysningar, som for eksempel
flokkstørrelse, er interessant å få vite om.
Pr. skrivande stund (20. oktober) er
allereie tre fjøreplyttar frå Sørkappøya
observert, alle langs Østersjøkysten (to frå
Sverige og ein frå Finland). Vi ventar også
observasjonar langs norskekysten. Kontaktperson
for dette prosjektet er Kjell Mork Soot, Geilane,
6060 Hareid. Telefon 70092443 / 91308487. E-mail:
kjellmorksoot@fugler.com
Ringmerkingssentralen (ved Alf Tore Mjøs) er
interessert i at kontaktperson mottar
observasjonsrapport av flagga. Eg vil då
klargjere funnet for Stavanger Museum, og
observatør vil også få tilsendt vanleg gjenfunnsmelding frå sentralen.
Opplysninger kan sendes til:
Kjell Mork Soot
Geilane
6060 Hareid
Telefon 70092443 / 91308487
kjellmorksoot@fugler.com
Lukk dette vinduet.